Ei poetisk rundreise i språket

av Unn Catodotter Fyllingsnes

Laurdag morgon siste helga i november. Klokka er litt over ti. Ein liten hær med poetar har innteke rommet med det runde bordet. Det er fyrste gongen Poetry Ride er i Noreg. For litt over ei veke sidan starta dei ferda i Riga. I år har den poetiske festivalen på hjul reist heile vegen for å ta avslutninga her hjå oss i Tromsø. Er du spent? Det er me! Då køyrer me!

I ein sjø av dårleg engelsk

Deltakarane som har reist ilag denne veka, har vorte godt kjende med kvarandre og kvarandre sine verk. Nye verk har vorte til, nye omsetjingar vart laga undervegs og fleire omsetjingar og dikt kjem til etterpå. Det er eit inspirerande prosjekt, også for poetane som deltek.

– Før sjølve festivalen tek til er det mykje arbeid med omsetjing, fortel tilretteleggjar Jenni Kallionsivu. Prosjektet vart starta av det finske instituttet i Estland men er no registrert i Finland. Sjølv er ho finsk men har vore busett i Estland over fleire år. Ho snakkar flytande estisk i tillegg til finsk. Alle landa dei er innom er representerte med ein poet, og fleire av dei som er med på ferda snakkar fleire språk, både baltiske og finsk. Men ikkje alle kan dei same språka, difor vert det mykje engelsk på reisa.

– Me sym i ein sjø av dårleg engelsk; ”the Barbaric English”, kallar me han, seier kunstnarleg leiar Guntars Godiņš. Den røynde poeten er ein av dei mest aktive latviske omsetjarane av estiske og finske verk.

– Engelsk er eit såkalla ”killer language”; det er eit av desse store språka som tek livet av andre språk. Ofte vert det den einaste moglege døra for å koma i kontakt, sosialisera, dela røynsler – med mindre ein lærer eit av dei andre språka. Mitt beste råd er difor: Lær fleire språk medan hovudet er ungt og frisk!

Den norske lyrikaren Gunnar Wærness er med på Poetry Ride for fyrste gong. Han snakkar ingen av språka til dei andre i gruppa.

– Eg tek særleg med meg tre lærdomar frå denne røynsla, seier han og listar opp:

1) At omsetjing er viktig,

2) Erfaringa av dårleg engelsk og mangel på språk,

3) Større kjennskap til desse nabolanda som eg trudde eg visste mykje om, men di meir eg lærer, di meir skjønar eg kor lite eg kunne.

Veksellesing

Dei andre poetane er Miia Toivio frå Finland, Kärlis Vērdiņš frå Latvia og Jan Kaus frå Estland. Ein etter ein presenterer dei seg og les nokre utvalde dikt. Gunnar les så den norske omsetjinga han har gjort av kvart dikt. Det er fascinerande å høyra på; fyrst denne straumen av ord på eit språk ein ikkje greier å fanga, og så faldar bileta seg ut og let oss få glimt frå eit anna liv ein annan stad med ein annan kvardag enn vår, andre merkedagar, andre matminne, andre tenkjemåtar om det same som me tenkjer på.

I videoen nedanfor kan du sjå og høyra eit døme på denne veksellesinga mellom Kärlis Vērdiņš og Gunnar Wærness – ein eksklusiv rekonstruksjon i forfattarstudiets nye spalte: Bokboblebadet

YouTube sitt forhåndsvisningsbilde

Korleis omsetja frå eit språk ein ikkje kan?

I arbeidet med omsetjingane av desse dikta, har Gunnar arbeidd ilag med ein latvisk-svensk poet. Juris Kronbergs har fyrst omsett dikta til svensk. Desse omsetjingane har Gunnar brukt som eit kart for omsetjinga til norsk.

– Det skal seiast at eg etterkvart har funne mange feil i desse fyrste omsetjingane eg har gjort, så eg må ta ei total oppussing. Ein merkar det med ein gong ein les dei høgt. Prøv å lesa til mor di eller andre i familien; dei avslører fort kva som fungerer og kva som vert skodde. Desse omsetjingane må testast meir. Om me får det til å funka, vert det bok.

Her fortel Gunnar meir om arbeidsmetoden:

YouTube sitt forhåndsvisningsbilde

Hobbylingvistane i oss

Gunnar skriv sine eigne tekstar på nynorsk. Det har han også gjort med Miia sine. Melodiane høyrest underleg like ut når ho og han les, vokalane er mange av dei same, diftongar innimellom. Det passar fint med nynorsk i dikta hennar. I nokre av dei andre omsetjingane har han valt å bruka bokmål – som han framfører på trøndersk. Det er mange val å ta når ein skal omsetja, skjønar me. – Kva slags språk er dei originale dikta skrive på? Er det nokon som skriv på dialekt? Har dei andre landa fleire enn eitt standard skriftspråk? Her vaknar dei norske hobbylingvistane i oss; arven etter Ivar Aasen, som Gunnar så fint kallar det.

– Eg meiner at diktet sitt tilhøve til språket er viktig, seier han.

Me let det vera punktum og vonar at du, som oss, er på veg ut i verda for å finna noko poesi å omsetja.

Du kan lesa meir om Poetry Ride på www.poetryride.com. Der kan du òg høyra fleire poesiopplesingar lesne av over 25 ulike poetar – og kanskje verta nyfiken på nye språk?