Ein punktert punktroman

image1

 

Årets forfatterstudenter i Tromsø hadde sin siste samling 18.-22.mai. Her kommer oppsummeringen:

 

 

Me elskar kvarandre, me hatar kvarandre

I pausane øver me på

personkarakteristikkar

av kvarandre,

pøsar på til kvarandre

– Sannsynleggjer det!

seier me,

– sannsynleggjer det!

Me mansplainar og womanizar

til sveitten driv,

tek ein pause på VT – eller Driv,

våte inn til trusa,

passeleg rusa

på Rimbaud og Pernod,

kranglar med dei lokale og kallar dei

Durass!

Me pirkar augene ut av lange passasjar,

me kortar ned og strekkjer ut

Me kosar oss gjennom punkterte romanar,

dryge drama, drøye drama,

døljande dikt, dørgande dikt,

dorgande dikt

– kvalens endelikt,

rennande romanar,

poserande prosa,

pervers poesi

”Jeg vil være i det soverommet i hele den delen! Jeg vil være på badet!”

Me høyrer på Anne,

me høyrer på Morten

”Æ blir forført av baklandet ditt”

Me høyrer på ein fotballspelar frå Horten

– eller Drammen,

me drikk drammar –

Og høyrer på andre menn som Anne kjenner,

– ein to-tre danskar frå Danmark,

lugne svenskar

og myndige damer,

me får fyrstikker å leika med

i lange netter

og lange dagar,

drøymer om hagar,

et maten som matgruppa lagar

– skål!

for oss,

tweed og floss,

leppestift og kjønnslepper,

påkledd og avkledd,

ein lem er eit ledd i prosessen

– PROSESSEN!

med store bokstavar

– nei, fy!

 

… No er det over, snart er det over,

det er då det byrjar,

ikkje sant?

Det er sannsynleg

frå dette punktet,

forbi dette punktet,

frå det punktet me starta

med nordnorske netter

for å verta trygge på vår

tekstualitet

Stoffet er strukturert, olje i motoren, notar får føter …

 

Transportetappen –

ut gjennom livmortappen,

tappert og sikkert:

 

No er me her.

 

Unn C. Fyllingsnes