Arne Henning Årskaug, student på forfatterstudium 3 i 2020-2021 kommer med bok i februar 2022: Skap & sørg. Eksessar om gørra vi ber på.

Studieåret 2020-2021 tilbød UiT for første gang et forfatterstudium 3. Opptakskravet i tillegg til opptaksprøven var/er enten fullført Forfatterstudium 1 og Forfatterstudium 2 fra UiT eller tilsvarende, eller annet relevant og dokumenterbart skjønnlitterært arbeid (i form av bok/bøker utgitt på forlag med redaksjonell bearbeidelse). Arne Henning Årskaug hadde både gått forfatterstudier og gitt ut bok før han søkte i Tromsø. Skap & Sørg er den første boka hans etter å ha gått på forfatterstudiet i Tromsø, og vi er glade for at han har latt seg intervjue! Boka finnes i bokhandelen fra 22. februar og annonsering av lanseringsfest vil komme etter hvert. Det er bare å følge med!

Forfatterstudiet gratulerer gratulerer på det varmeste! 

 

Du hadde allerede gitt ut en skjønnlitterær bok da du søkte på forfatterstudium 3, og kom inn. Hva gjorde at du bestemte deg for å søke?

Til dette spørsmålet dristar eg meg til å kome med fleire svar. Alle er sanne på sitt vis.

  1. Etter at den fyrste boka mi, Utstyrstekstar, kom ut i 2015 fekk eg kjenne på kroppen at floskelen om den vanskelege andreboka slett ikkje var ei myte. Eg hadde brått ingenting nytt og fancy å kome med og byrja i staden å redigere på boka som allereie var utgjeve når eg fyrst sat meg ned for å skrive. At eg vidare ikkje var sikker på om eg i heile teke ville utsetje meg sjølv for å skrive fleire bøker, gjorde ikkje saka betre. Skjønnlitterær skriving har for meg vore eit svimlande og fornuftsstridig strev mesteparten av tida. Svimlande fordi det er eit fullkome putlearbeid med avgrensa gevinstar som ofte gjev store mengder fortviling og rådløyse for hen som er uheldig å få for seg at dette er ei skapleg sysle å drive med, og fornuftsstridig fordi ein heilhjarta og frivillig går inn i ei tilstand som krev vanvettig med tid, nærvær og ikkje minst slitestyrke frå den skrivande. Om ein er velsigna med eit slikt skrivelynne seier det seg sjølv at ein treng den hjelpa ein kan få. Søknaden min til Tromsø var på mange måtar ein resultat av desperasjon, men i botnen av det var det eit reelt ønskje om få avklart forholdet mitt til skjønnlitterær skriving ein gong for alle. Det høyrer med til historia at eg vart hoppande glad då eg fekk beskjed om at eg var kome inn.
  2. Eg hadde tidlegare, for mange år sidan, gjennomført to skrivestudium, Forfattarstudiet i Bø og Påbyggingskurset til Skrivekunstakademiet i Hordaland. So då eg såg at forfattarstudiet i Tromsø skulle starte i gang med eit tredjeår (gjennom intervjuet av Anne i Vagant?) der ein kunne få jobbe med eitt og same prosjekt heile studieåret kjende eg brått at komplettisten i meg vakna til live. Dei åra eg har vore innrullert på skriveskular har stått for dei mest gjevande og produktive periodane eg har hatt som skrivande.
  3. Tredjeåret sitt fokus på poetikk og refleksjon rundt eigne skrivestrategiar var ogso veldig forlokkande for meg. Dette var eit tilbod eg hadde sakna både som skrivestudent og seinare som bokdebutant. Om eg fyrst skal skrive ønskjer eg å vere av slaget som har gjort seg nokre tankar om korfor og korleis.
  4. At studiet var samlingsbasert var også utslagsgjevande for at eg søkte. Dette gjorde til at eg kunne kombinere arbeidet som vart kravd av studiet med min noverande livssituasjon med fulltidsjobb og det som verre er. Eg har få romantiske førestillingar når det kjem til forfattarverksemd. Det er dyrt, tidkrevjande og formlaust, men med fleksibiliteten som Tromsø tilbyr ved å organisere studiet slik vart det plutseleg ei slags råd likevel.
  5. Det er beint ut einsamt å sitje åleine og bale med krotet sitt.

 

Fikk du det ut av studiet som du ønsket? Hva fikk du eventuelt ut av det?

Ja, eg meiner prosjektet mitt vaks både i lengde, kvalitet og tematikk. I tillegg kjende eg på noko som nærast minna om skrivelyst etter kvar samling, og det skjer ikkje kvart skotår. Eg hadde ogso veldig, veldig godt av å få bryne meg på å utforme eigen poetikk.

Undervisinga, og ikkje minst klassen, var ogso heilt prima! Det er ein gedigen luksus å få so mange erfarne og engasjerte lesarar til å lese manuset sitt, alle med sitt særskilte blikk, sine særskilte innvendingar og sin særskilte tekstromsteringsmetode. Utover det var eg ogso imponert over både nivået og variasjonen i prosjekta til medelevane mine.

Hvordan har skriveprosess og prosessen med forlag vært i etterkant av studiet?

Samarbeidet med forlaget har vore upåklageleg både før og etter studiet. Eg kan ha ei nokso frilyndt tilnærming til deadlinar, og skriv dessutan gørrlange e-postar der eg pirkar på det som let seg pirke på. Samlaget, og særleg redaktøren min, skal dermed ha mykje skryt for at dei har vore so tolmodige med meg.

Hva kunne du tenke deg å si til potensielle lesere av den boka som kommer?

Her vil eg og kome med fleire svar på tiltale!

  1. Den nye boka mi har fått namnet: «Skap & Sørg. Eksessar om gørra vi ber på.» og skal etter planen vere i sal frå 22.02.2022, ein nokso raff dato å få gje ut den gørrvanskelege andreboka si på. Formelt er boka bygd opp av 14 prosatekstar som alle på sitt vis undersøkjer trass og motpolen lystring som strategiar for å meistre ulike, gørre livsvilkår. Eg har i denne samlinga stunda etter å dyrke ein lausslept, syngjande og maksimalistisk stil. Det maksimalistiske kjem særleg til uttrykk på setningsnivå. Det er viktig for meg å ha eit rikt og mangfaldig ordtilfang. Eg er ikkje framand for å ta i bruk det som finst av sjeldne ord i ordlista, og likar kanskje særleg godt å trekkje ut gamalsalta ord for å setje dei inn i nye, moderne kontekstar, eller å munnleggjere dei. Eg har sansen for ord som skranglar og lagar ulyd, ord som er iltre og nærast herjar med lesaren, ord som krev utropsteikn. Vidare har eg også ei medviten tilnærming til fonetiske og rytmiske aspekt i skrivinga, m.a. ved aktiv bruk av gjentaking, allitterasjon og rim.. For syns skuld kan eg ramse opp nokre inspirasjonskjelder: Sissel Solbjørg Bjugn, Arne Garborg, Hans Henrik Holm, Eva Jensen, Ragnhild Jølsen, Gunnar Lunde og Jakob Sande.
  2. Under resepsjonen av fyrsteboka mi så var det ein meldar som samanlikna tekstane mine med popsongar med glad melodi, men syrgjeleg songtekst. Denne dualiteten ønskja eg gå vidare med, og kanskje til med maksimere, i det nye prosjektet. Eg likar tanken på å få lesaren til å le, og på at lesaren deretter set låtten i halsen når hen har skjønt alvoret i det hen har ledd av.
  3. Musikalen som sjanger står som indirekte inspirasjon for det meste som eg skriv. I poetikken min skreiv eg m.a. følgjande: Eg trur på ekstravaganse framfor sjenanse, eg trur på det mangefarga framfor det monokrome, eg trur på det villfarne framfor det stillfarne, eg trur på det flamboyante framfor det ordknappe og vande. Eg trur på det å vise seg fram.
  4. Som mange andre de har intervjua til denne bloggen trur eg ikkje det hadde blitt bok utan studiet. I alle fall ikkje akkurat denne boka. Det ville vorte ei fattigare bok, ei meir einsformig og grå bok, og det ville nok ha gått mange fleire år før ho var ute i verda.