Forfatterstudiet og Forfattersentrum inviterer til open forelesing med ein av våre ypparste dramatikarar, på Driv torsdag.
Maria Tryti Vennerød (f. 1978) har vore fulltidsdramatikar sidan 2001. Ho har hatt tekstar oppført på m.a. Det Norske Teatret, Blackbox teater, Schaubühne i Berlin, Theatre for the New City i New York, ogNasjonalteatret i Budapest. Høsten 2014 blei stykket Nasjonal Prøve lese på La Colinne i Paris.
Ho har vunne fleire prisar, og blei i 2012 nominert til Heddaprisen for scenebloggprosjektet Ikkje direkte råka. I 2013 bidrog ho til storsatsinga Bibelen på Det Norske Teatret, og i 2016 var ho bidragsytar til storproduksjon Andre verdskrigen – natt i verda som einaste norske dramatikar saman med verdskjende dramatikarar som David Greig og Lukas Bärfuss.
Scenetekstane hennar er også tilgjengeleg i bokform
Poetikkseminaret er ei forelesingsrekke der gjestelærarar på Forfatterstudiet reflekterer rundt eigen skrivepraksis i ei uformell setting. Poetikkseminaret er gratis og opent for alle.
Litteraten er støtta av Tromsø kommune, Fritt ord og Norsk Forfattersentrums medlemsfond.
Tid: Torsdag 12. januar kl. 19.00
Sted: Studentsamfunnet Driv
Inngang: Gratis