Frida Fliflet kommer med sin første bok etter å ha gått på forfatterstudiet i Tromsø. Det dreier seg om novellesamlingen: Kan eg sjå på

Frida Fliflet kommer i høst med novellesamlingen Kan eg sjå på! Boken vil være å finne i bokhandelen allerede fra 22. august, og det blir  lanseringsfest 3. september klokka 1900 på Kafé Hærverk i Oslo, og alle er hjertelig velkomne! Ikke minst har forfatterstudiet fått lov til å gjøre et lite intervju med Frida i anledning boka, så nå kan alle som ønsker det lese om bokens tilblivelse og glede seg til den kommer!

Hvordan har arbeidet med debutboka vært (fra starten av)?

Eg har alltid elska å lesa og skriva korte historier, og kjent meg heime i det tekstformatet. Eg er veldig utålmodig, så tanken på å skulle skriva ein episk mursteinsroman har aldri frista. Ironisk nok har eg likevel sysla med eit romanprosjekt dei siste tre-fire åra, men stadig datt det ned andre presserande idear, tankar og scener i hovudet som eg trengte å skriva ned og skriva meg gjennom for å utforska. Mange av desse har blitt til novellene som no utgjer boka. Mange har ikkje blitt med. Kanskje dei får bein å gå på i framtida.

Å skriva ved sidan av fulltidsjobb i ei avis har vore tidvis umogleg, for eg får liksom aldri nok rom i hjernen til å tenka. Eg har brukt mange helger, netter og feriedagar, før eg tok ein lang permisjon i fjor haust.

Den eldste novella, tittelnovella ’Kan eg sjå på’, var i utgangspunktet ein scenetekst frå dramatikksamlinga me hadde i Tromsø. Det var kanskje den samlinga eg frykta mest, men teksten rann ut av meg rett før deadline, eg trur eg skreiv han på eit par timar. Eg har ikkje klart å sleppa han etterpå, så det var veldig kjekt å få gi han nytt liv i novelleformatet.

Fleire av dei andre novellene har blitt fødde gjennom låtlytting, for eksempel opningsnovella ’Verdas minste fugl’, eller den nest siste, ’Over kanten’. Eg har fletta inn ein del songfragment i boka, for dei som tar referansane. Å unngå å ha med noko musikk ville krevd mykje disiplin. Eg laga like godt ei speleliste med låtane, ho finst her: https://open.spotify.com/playlist/1JY4jXYaWt4XCBxzWZVUI3?si=d47c7435572941a8

Hvordan har utgivelsesprosessen foregått? (kontakt med forlaget, redaksjonelt og ellers)?

Eg var heldig nok til at forlaget mitt, Samlaget, tok kontakt etter å ha lese antologien me laga på slutten av studieåret i Tromsø, altså sommaren 2021. Det var veldig stas, for mange av forfattarane eg har vokse opp med og er mest glad i, er på Samlaget. Sidan då har det vore fleire redaktørbytte, mykje venting og ein del krøll, og eg var på nippe til å bytta forlag. Men til slutt blei det eit prinsipp: ’Har eg allereie venta så lenge, skal eg faen meg halda ut heile vegen’. Så då gjorde eg det. Med ’Kan eg sjå på’ har eg heldigvis hatt same redaktør, som har hatt stor tru på novellene mine. Det er vel ofte eg som er mest skeptisk til eigne tekstar. Samtidig kjenner eg jo igjen når noko er bra, når eg er inne på noko.

Å laga omslaget har også vore kjempekjekt. Eg er mildt obsessed med bokomslag, og får eksem av stygge bøker – så det var veldig viktig at det blei bra. Eg hadde masse idéar og tankar om ting eg ville prøva, blant anna collage: Det passa perfekt til ei novellesamling, som jo er ein collage av historier. Den eminente Julie Asplund takka ja til å gjera designjobben, og ho har vore tolmodig med all mi pirking. Sluttresultatet blei heilt nydeleg, synest eg. Det ligg liksom eit lite heteflimmer over illustrasjonene, for det er ein god del svetting og svimling og skjelving i denne boka – det er eit så fint nikk. Alle elementa på framsida og baksida er henta frå historiene. Det blir som ein liten gjetteleik for lesaren.

Viss eg skulle gitt råd til andre kommande debutantar, ville det vore: Spør dei på forlaget om det du lurar på. Dei gløymer gjerne at du er ny og ikkje veit korleis maskineriet og lingoen fungerer. Og ikkje ver så utruleg audmjuk.

Hvilke erfaringer fra forfatterstudie(t/r) (Tromsø og/eller andre) har hatt betydning for deg i videre arbeid, om det/de har hatt det.

Forfatterstudiet i Tromsø har vore heilt essensielt for den skjønnlitterære skrivinga mi. Berre det at eg kom inn på studiet gjorde at eg tenkte: Ok, no gir eg dette ein sjanse. Sjølv om det var samlingsbasert, flytta eg til Tromsø, og blei så glad i byen og fjella at eg nok hadde blitt der mykje lengre viss eg ikkje fått draumejobben i Oslo.

På studiet fekk eg eit heilt nytt språk. Eg lærte å snakka om tekst og tid og rom, lærte å snakka presist om abstrakte ting. Eg lærte å formulere korfor noko ikkje funka i ein tekst, ikkje berre kva som ikkje funka. Det kjentest litt som å læra å lesa på nytt. I ettertid har det ført til at eg har blitt mykje meir kresen på alt eg les – det er vel litt som å studera musikkteori og aldri kunne høyra songar på same, frie måte igjen. Men det er det verdt.

Sjølv om eg av og til kjente meg litt barnsleg og ubelest, og ikkje skjønte referansane, trur eg den følelsen også har vore nyttig. Det kan vera veldig effektivt å kjenna seg litt dum iblant.

Skriving er jo ein einsam aktivitet, og stort sett er det totalt nødvendig å ikkje snakka om kva eg skriv mens eg skriv – då forflatar eg alt, liksom myrdar det. Likevel var det ei lette å få bli del av eit skrivande fellesskap. Dei andre sitt blikk tilførte alltid noko til teksten, og gav skrivelysta mi stor drivkraft. Alle i klassen blei tatt på alvor – av kvarandre, av lærarar og gjestelærarar. Då tok eg meg sjølv på alvor også.

Forfatterstudiet i Tromsø gratulerer på det varmeste, vi gleder oss til å lese!