Ingvill Kjærstein, tidligere forfatterstudent debuterer med romanen: Austvestpassasjen.

Som vanlig publiserer forfatterstudiet intervjuer med tidligere forfatterstudenter når de kommer med sin første skjønnlitterære bok. Denne gangen er det Ingvill Kjærstein som debuterer med romanen Austvestpassasjen. Det blir lanseringsfest på Kafé Hærverk i Oslo 5. mars klokka 19, og alle er hjertelig velkomne!

Våre tre spørsmål:  

Hvordan har arbeidet med debutboka vært (fra starten av)?

Eg byrja å skrive denne romanen i 2018, symptomatisk nok på ei reise austover. Nærmare bestemt på nattbussen mellom Osaka og Tokyo. Eg hugsar det var mørkt i kupeen og at alle dei andre passasjerane sov, så eg skrudde ned lysstyrken på skjermen min og byrja å skrive så stilt som råd. På det tidspunktet hadde eg ikkje skrive skjønnlitterært sidan skriveoppgåver på skulen. Eg var student ved eit japansk universitet, og var ein del av eit internasjonalt miljø. I kvardagen veksla eg mellom å kommunisere på japansk og engelsk, og eg jobba med ei masteroppgåve på japansk. Dei einaste gongane eg brukte norsk var på Skype. Den språklege vekslinga gjorde meg på ein paradoksal måte språkfattig. Skrivinga var som å finne opp språket på nytt. Korleis kunne eg uttrykke noko ekte?

Tidleg i prosessen byrja eg å byggje opp fiksjonsuniverset som no er blitt Austvestpassasjen. Det var det mykje av arbeidet gjekk ut på dei første åra, å avklare rammene som hovudkarakteren skulle bevege seg innanfor. Eg hadde heile vegen nokon nøkkelscener som eg visste måtte vere med, elles har mykje av arbeidet vore assosiasjonsprega. Ofte var det årstidene som leidde meg. Kva skjer i januar, jo, då er det jordbærsesong. Kva skjer i februar, jo, då kastar ein soyabønner i «setsubun»-ritualet. Slike små assosiasjonar sette i gang fantasien og let meg jobbe med stoffet på ein ganske fri og leiken måte.

Hvordan har utgivelsesprosessen foregått? (kontakt med forlaget, redaksjonelt og ellers)?

I 2019 flytta eg tilbake til Noreg med manuset i bagasjen, og året etter deltok eg på Samlagets manusseminar. Då eg opna eposten om at eg fekk plass, trudde eg det var ein feil, for eg hadde aldri vist teksten min til nokon før. Det var dessutan draumen min å bli utgitt på Samlaget. På manusseminaret vart eg oppmoda til å jobbe vidare med prosjektet. Eg innsåg at dersom eg skulle greie å fullføre romanen, måtte eg øve meir på handverket. Deretter følgde to år i Tromsø, med sporadisk kontakt med redaktøren eg møtte på manusseminaret. Då eg var ferdig med studiet, sendte eg henne den nye versjonen av manuset, og vart offisielt antatt hausten i forfjor. Eg er takksam for å ha fått oppmuntring av ein redaktør såpass tidleg i prosessen, og utan særleg skriveerfaring.

Hvilke erfaringer fra forfatterstudiet tar du med deg når du skal fortsette å være forfatter?

Før eg byrja på Forfatterstudiet i Tromsø tok eg ikkje skrivinga på alvor. Kva var det eg hadde å seie som ingen andre hadde sagt betre enn meg før? Samstundes hadde eg dette sterke formidlingsbehovet. Eg ville skrive, og eg ville bli ferdig med Austvestpassasjen. I Tromsø fekk eg eit rom til å utforske. Eg oppdaga ein heilt ny måte å tenke og leve på, eit ekstra lag over verkelegheita. I klasserommet tok alle kvarandre på alvor. Eg lærte å skrive friare og eksperimentere meir, takka vere dei dyktige lærarane og det gode miljøet i klassa. Morten Wintervold var også ein god rettleiar for prosjektet mitt. Eg håpar at eg alltid kjem til å skrive som om sytten personar skal dissekere teksten min i eit lite rom. Det skjerper sansane.

Forfatterstudiet gratulerer varmt!